Covid-19 situasjonen og kyrkjeleg aktivitet

Februar 2022

Smittevernveilederen for Den norske kyrkja er ikkje lenger nødvendig og gjeld ikkje. No er kvardagen attende. 

Men vi anbefaler at du held deg heime når du er sjuk, held god håndhygiene og hostar i albuekroken. Vi har fortsatt sprit ved inngangsdøra som vi vil alle skal bruke. 

13. desember 21: 

Vi har nå strengare begrensningar og kan maks ha inn 50 personer både til gudsteneste og gravferd. Alle må bruke munnbind ved inn og utgang, samt når ikkje meteren kan haldast. Vi plasserer folk i kohortar og held avstengt annankvar benk. Vi er igjen attende til registrering i døra, samt at vi har numrert plassane for å forenkle smittesporing. 

Alle må bruke håndsprit i døra og halde seg heime viss dei ikkje er friske!

Oktober 2021: Vi er nå opne og alt er attende til normal drift, dvs ingen begrensning på antal. Vi fortset med håndsprit i døra. 

Har du symptomer på forkjølelse skal du ikkje komme i kyrkja.

Oppdatering juni 2021.

Grensa er nå 66 personar med noko fleksibilitet oppover viss samme kohort.

Oppdatering  mai 2021

Vi kan nå være 50 personer tilstede ved gudsteneste og gravferd for å trygt overhalde to meters regelen når vi syng.

Vi har anledning til å overskride antalet ved vigsel når vi har nøyaktig oversikt over kven som er tilstade og kven som er i same kohort.

Alle må registrerast med navn og telefon når dei kjem, vi oppbevarer listene i to veker før dei vert makulert.

Oppdatering pr. 25.3

Det er nå strengare tiltak så nå er det stengt for fysiske gudstenester ei tid framover iallefall fram til 12. mars. Vi beklager at vi ikkje kan feire gudstenester i lag. 

Men vi stiller ikkje inn, vi stiller om! Det vil bli streaming i påska og vi vil være tilstede i kyrkja så folk kan komme innom og be bønn, tenne ljos eller prate. Følg med på sosiale medier for meir info. 

Til gravferd kan det fortsatt være 50 personer, til vielser 20 personer og vi kan gjennomføre trygge dåpshandlinger. 

Februar: Det er nå opna opp for at vi kan være fleire saman i gudstenester. Vi opnar no for 50 personar, med forbehold om at vi kan klare å halde 2 meters avstand på dei som ikkje er i same kohort. Det vert også feira nattverd i gudstenestene framover. 

Oppdatering 3.2.2021.

Det er nå lov med kun 10 personar tilstades i gudstenester. Til gravferd/bisettelse er grensa 50 personar. Vi følgjer smittevernreglane og har svært gode rutiner slik at alle skal føle seg trygge i kyrkja. 

Med desse begrensningane så vil det mest sansynleg bli stengt for dei ordinære gudstenestene, men vi vil gjere opptak og legge ut på sosiale medier. Da kan du følgje oss heime i di eiga stove. Vi saknar å kunne si at alle er velkommen uansett antal, men vi må nå være med i dugnaden slik at vi kan bekjempe pandemien. 

Men vi ynskjer svært at folk fortset å døype seg hjå oss. Vi har alltid hatt svært høge dåpstal i Vågå og det vonar vi fortset. Ta kontakt med oss for avtale. 

Det er og mogleg å gifte seg hjå oss tross begrensningane som er. Vi er fleksible mht dag så langt det passar, så kan ein ev. ha bryllupsfesten ved ei seinare anledning. 

Oppdatering 23.12

Vi stenger kyrkja for gudstenester fram 1. januar grunna den auka covidsmitta i Vågå. Vi beklager dette. 

Det vil bli lagt ut digitale gudstenester, følg med på FB for andre oppdateringer.

O P P D A T E R I N G  pr. 10.12.2020

- som forrige oppdatering, men nå må  vi holde 2 meters avstand når vi skal synge i kyrkja. 

Fullstendig oppdatering les du her: https://www.ka.no/sak/article/1560303

O P P D A T E R I N G pr. 9. november 2020

  • Maks 50 deltakere på gudstjenester og kulturarrangementer i kirken fordi denne ikke har fastmonterte stoler, ref regjeringens definisjon. + dei ansatte.
  • Kirkerådet og KA anbefaler at fysiske samlinger utover forordnede gudstjenester, avtalte kirkelige handlinger (dåp og bryllup) og gravferdsseremonier avlyses ut november måned. Dette må likevel vurderes og besluttes lokalt ut ifra den lokale smittesituasjonen.
  • Nattverd, lystenning o.l. frarådes for å redusere bevegelse i rommet. Ofring bør skje med Vipps e.l. Dette må likevel vurderes lokalt og ut i fra den lokale smittesituasjonen.
  • Oversikt over deltakere nå skal oppbevares i 14 dager.

Smittevernet ved virksomhet i Den norske kirke bygger på fem hovedprinsipper:

  • Syke personer skal ikke delta på fysiske samlinger.
  • Gode rutiner for hygiene, håndvask og renhold.
  • Minst mulig felles bruk og berøring av inventar og utstyr.
  • God avstand mellom alle som deltar.
  • Tilstrekkelig bemanning til stede.

Oppdatering 16.6. kl. 14.00

Nye retningslinjer gjev nå tillatelse til at det kan samlast opp mot 200 personar. MEN lokalet gjev begrensningar  - for vi må fortsatt halde ein meters regelen. 

Vågåkyrkja er ikkje av dei mest romslege, og vi må her vurdere kor mange som kan være i lokalet etter om det er familie som kan sitje i lag, eller om det er enkeltpersonar som må ha ein meters avstand. Vi har fysisk stengt av annankvar benk for å halde einmeters regelen. Så da kjem alt an på kor mange som kan sitje i lag i benkane som er opne.

Dette gjeld både for gudsteneste, vigsel og gravferd.

Den nye smittevernlederen kan du finne på ka.no

Pr. 4. juni ingen endring frå status 8. mai.

Oppdatering 8. mai:

Det er nå sentralt utarbeidd ein smittevernrettleiar som opnar for gudstenestefeiring med begrensningar på 50 personer tilstades. Det er og ei forutsetning at utforminga av kyrkjerommet gjer at ein klarer å overhalde minimum 1 meter mellom kvar person (av dei som ikkje er i same husstand). Kyrkjeverja/sokneråd/prest ser nå på dette og utarbeider klåre instruksar for Vågåkyrkja.

Same antallet gjeld for gravferd, dåp og vigsel. Det er nokre som har utsett dåpen dei hadde planlagt, men ta gjerne kontakt så får vi til ei ordning.

Dei planlagte konfirmasjonsdagane er flytta til hausten.

Ellers har prest og organist kvar onsdag vore utanfor Vågåheimen og hatt enten sangstund eller andakt. Dette er til stor glede for bebuarane som sit trygt i stova og får lyden inn via høgtalar. Vi vil fortsette med dette framover. Det er og ordna så bebuarane får være med via streaminga av gudstenestene frå kyrkja.

Søndag 10. mai blir det direktestreama gudsteneste frå kyrkja kl. 13.00. Medverkande er Iselin Vistekleiven, Anna Linnea Steen og Tonje-Eilin Ulsletten. Cynthia Slomp Renaa er prest og organist er Reidar Svare. Følg med på FB !

17. mai vil vi opne kyrkja til kveldsgudstenesta kl. 20.00, i tillegg vert ho lagt ut digitalt.

Vi kjem attende med gudstenesteoversikt når vi får funne ut kva vi får til/ bestemmer oss for framover.

Har nokon lyst til å støtte dei digitale gudstenestene våre så er det anledning til å gje takkoffer til vipps 114899.

Vi er fortsatt på heimekontor da kontorlokala våre gjer at vi ikkje klarer å overhalde metersregelen. Men du treffer oss på telefon og mail!

20.april: Vi er fortsatt på heimekontor, men vi er tilgjengelege!

Det er dei same begrensningane på antal som kan være tilstades i kyrkjelege handlingar. Vi vonar likevel at folk føler at kyrkja er tilstades og er nærværande i denne tida. Staben har nå brukt eit par dagar til renhald av kyrkja. Vi har vaska real laurdagsvask, bamsae i leikekroken har vore i vaskemaskina, golvryene våre har vore på rens - så når vi får opne att så skal alt være reint.  

Oppdatert 30.03.

Heile staben er nå på heimekontor etter tilråing frå biskopen. Men vi er tilgjengelege på telefon og kjem til kontoret ved behov. Det er berre å ringje oss, vi er her for døkk!

Du finn alle telefonnummera våre på fana: Tilsette

Nye begrensninger på antal i kyrkjelege handlingar frå d.d
Gravferd: maks 25 personar til stades i kyrkjerommet (inkl. tilsette)

Vigsel og dåp: maks 10 personar til stades i kyrkjerommet (inkl. tilsette)

OPPDATERT INFORMASJON OM KORONASVIRUS OG AVLYSNING AV KYRKJELEGE ARRANGEMENT
Hamar biskop har i samsvar med retningslinjer frå Fylkesmannen i Innlandet, gjeve nye tilrådingar i dag 12/3 kl. 11.00. Dette vil vi i Vågåkyrkja sjølvsagt følgje.
Dette gjer at :

- Alle gudstenester og arrangement blir avlyst t.o.m. palmesøndag 5. april.

- Avtalt dåp vert gjennomført for næraste dåpsfamilie.

- Gravferd kan gjenomførast med maks. 50 personar til stades. Håndhelsing og klemming er frarådd. Mht.reinhald gjer vi det vi greier for å forhindre smitte.

Treng nokon samtale eller soknebud så er vi tilgjengelege, du finn nr. til oss her på heimesida.

Vi vil alltid være tilgjengelege for pårørande ved dødsfall og andre ting som må ordnast.

Nå er det viktig at vi alle gjer det helsemyndigheitene ber oss om, samstundes som vi beheld roa og er tilstades for kvarandre.
Det vil bli ei litt rar tid framover, men det vil gå bra

oppdatert pr. 12.3 kl. 14.00

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.