Trusopplæring

DETTE SKJER I TRUSOPPLÆRINGA:

Vi er for tida utan trusopplærar så vi har ingen aktivitet før på nyåret 2023.

Årshjul for trusopplæringa

0-1 år: Babysong i samarbeid med småbarnskaffeen

3 år: Film i posten i desember: "Kirkerottene og Gabrielle"

3-8 år: Kyrkjerotteteater i april

4-9 år: Kyrkjeklubb på laurdagar

4 år: Fastelavens-samling og utdeling av 4-årsbok.

5 år: Fastelavensris og baking til fastelavenssøndag. Utdeling av aktivitetshefte.

5-6 år: Kyrkjekino i november: "Kyrkjerottene"

6 år: 6-årsbok og 6-årsklubb

2.- og 3. klasse: Tårnagentar

3.- og 4. klasse: Påskesamling med kino i mars/april

5. klasse: Allehelgens-vandring først i november

6.-7. klasse: Ljos Vaken i desember

8. klasse: Pilgrimsvandring i juni

9. klasse: Konfirmantar

GLIMT FRÅ FASTE AKTIVITETAR:

Kyrkjeklubben

Kyrkjeklubben møtast laurdagar kl 11.00 – 12.30 på Frivilligsenteret, og er for born i alderen 4 år til 9 år. Vi syng, fortel bibelforteljingar, har ymse aktivitetar..

Ta kontakt med Jorunn Heier for meir info, eller møt berre opp. Det er inga påmelding.

Dagar før jul 2022:

12. november

26. november

10. desember

Mi kyrkjebok til 4-åringar i september

På hausttakkemessa vår i september inviterer vi 4 åringane i Vågå til å komme å få kyrkjeboka si. Invitasjon og meir informasjon kjem i posten når dagen nærmar seg. 

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.