Vågå prestegardsforening

Prestegardsforeninga anno 2019. Bak frå v. Martin Kleiven, Aslaug Valde, Jorunn Heier, Ingeborg Berge Båtnes og Mary-Anne Martinussen. Fremre rekkje frå venstre: Torill Fagernes, Marit Bøhmer, Torbjørg Sagrusten og Inger Marie Bleka.

Møter vinteren 2020: 10. februar, 9. mars. Møtene er på Frivilligsentralen kl. 18.00

Vågå Prestegardsforening vart danna i 1929 av prestekona den gong Hanna Birkelund. Ho held alle møta i Prestegarden. Difor dette navnet.

Vi er ei tradisjonell misjonsforening. Prestegardsforeninga arbeider for Det Norske Misjonsselskap og Sjømannskyrkja. Vi støttar dei med å samle inn pengar og be for dei.

Vi er rundt 10 personar, både damer og menn, som treffes ein gong i månaden til møte. Møtene våre har vi på Frivilligsentralen, og her syng vi, har høgtlesing, kaffe og mat, loddsal, offer og enkel andakt.

Vi vil gjerne ha nye medlemmar, og kan ynskje velkommen til eit triveleg felleskap. Er du interessert så ta kontakt med Jorunn Heier på tlf. 90 63 85 59.

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.