LEDIG STILLING SOM KYRKJELYDSPEDAGOG

i  50 %

Vågå kyrkjelege fellesråd søkjer nå etter ny kyrkjelydspedagog som skal –

I Vågå er det ledig FAST STILLING som  KYRKJELYDSPEDAGOG

  • Gjennomføre tiltaka som ligg i vår rikhaldige trusopplæringsplan for aldersgruppa 0-18 år i samarbeid med andre i staben, friviljuge og andre.
  • Rapportere inn gjennomførte tiltak, evaluere og eventuelt endre og vidareutvikle planen vår.
  • Kalle inn til møter i Trusopplæringsutvalet i kyrkjelyden og skrive referat.
  • Samarbeide med prest, organist og øvrig stab samt friviljuge.
  • Arbeide med rekruttering av friviljuge til gjennomføring av tiltak.


Av kvalifikasjonar og eigenskapar vil vi vektleggje –

  • At du har relevant utdanning på høgskulenivå, anna utdanning eller erfaring
  • At du er positiv, engasjert, nytenkjande og motivert.
  • Vilje og lyst til å arbeide for og med barn og unge, og være oppteke av å skape gode trygge miljøer.
  • At du er god til å organisere og delegere, samarbeide med andre,- men likevel ha gode evner til å arbeide sjølvstendig.

Om stillinga elles:

  • Du vil delta på stabs- og planleggingsmøter med dei andre tilsette.
  • Du må pårekne arbeid ettermiddag, kveld og helg, men styrer mykje av tida di sjølv.
  • Vi krev medlemsskap i Den norske kyrkje.
  • Være lojal mot Hamar Bispedømmes visjon om å være ei åpen og inkluderande folkekyrkje.
  • Samarbeidsevne og personleg egnetheit vil bli vektlagt.
  • Vi kan tilby ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god møteplass for både kyrkjelyden og dei tilsette.

Før tilsetjing skal det leggjast fram tilfredsstillande politiattest (jf. KL.§29). Løn og arbeidsvilkår i henhald til gjeldande regulativ og KA si tariffavtale for kyrkjeleg tilsette.

Nærare opplysningar kan rettast tilfellesrådsleiar Erik Lillebråten tlf. 909 71 257. (I veke 41 frå 10-16. oktober så kontakter du dagleg leiar/kyrkjeverje Kristin Syvergaard på mobil 481 31833.)

Søknad med attestar og vitnemål sendes til : Vågå kyrkjelege fellesråd, postboks 78, 2684 VÅGÅ eller post.vaga@kyrkja.no innan 1. november 2022.

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:08

Det er ei fin omtale av Vågåkyrkja. Men, eg saknar bilete av kyrkjeinv...

05.07 | 19:33

Dette er kirken i mitt hjerte <3

08.06 | 08:41

Vågå er ei fin bygd med ei fantastisk fin kyrkje! Min yngste son er døypt der.